Orienteringsløp veke 18 (27/4-3/5) - UsynligO ved Bulingstjørna

Postet av Kenneth Husevåg-Lobben den 23. Apr 2020

Vekas løyper er no lagt ut i UsynligO-appen. Appen kan lastast ned på https://usynligo.no/ 

Løypene er lagt ut på o-kartområde Ulvedalane ved Bulingtjørna, 2 km frå Moskogkrysset, retning Holsen. 

Parkering ved rasteplassen på nordsida av vegen, ved Bulingstjørna. Bommen på vegen inn til dynamittlageret er IKKJE åpen, så ingen må køyre inn og parkere på eller langs denne vegen. 

Løypeleggjar Kurt har laga til tre løyper med ulik gradering og løypelengde:

  • A-løype: 3,6 km
  • C-løype: 2,2 km 
  • N-løype: 1,6 km

Dei som skal ut på den lengste løypa kan komme til å møte denne krokfurua på sin veg.

Denne gongen kan vi glede store og små med at det vil vere plassert ut o-skjermar for å visualisere kor postane er. Start- og målposten har ikkje skjermar, så her får ein nøye seg med startlyd og målfanfare fra appen. 

Løparane skal ikkje berøre skjermane, grunna smittevernhensyn. Av same grunn er det heller ikkje utplassert EKT-einingar for stempling. Registeringa foregår kun ved hjelp av UsynligO-appen.  

Skjermane vert tatt inn igjen søndag 3.mai.

Om ein ikkje brukar appen eller at løpet av andre grunnar ikkje blir registrert, ber vi om at du sender navn, alder og kva løp ein har deltatt på til: knuteh@hotmail.com. Dette for at vi skal få registrert alle som deltar på løpa i forhold til premiering til hausten.

Løypene finn du på UsynligO-appen, eller nettsida til UsynligO: https://usynligo.no/  

Eller dei kan lastast ned her (PDF):

N-løype UsynligO veke 18.pdf

C-løype UsynligO veke 18.pdf

A-løype UsynligO veke 18.pdf

Skriv ut kartet og kom deg på UsynligO-løp. Lykke til og god tur!


 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.