Nærløp Djupedalen, Bringeland 20. juni - med resultat

Postet av Førde IL - Orientering den 16. Jun 2018

Resultat: 11-Resultat-Djupedalen-200618.pdf

Nærløpet onsdag 20. juni vert arrangert ved Djupedalen Hyttefelt. Avkøyring frå vegen til Bygstad, ta av første veg til høgre etter flyplassvegen. Avkøyringa er merka med o-skjermar.

Vegen til Djupedalen er bomveg, kr 50,-. Det er mogleg å betale med Vipps.

Start frå klokka 18.00.

Nærløpa i orientering har løyper som passar for for både store og små, nybegynnarar og erfarne o-løparar:

  • N-løype for nybegynnarar
  • C-løype for for dei som vil prøve seg litt meir i terrenget
  • A-lang og A-kort for dei vidarekommande.

Spar tid på løpsdagen ved forhåndspåmelding på løpet i Eventor.

Vel møtt til alle!





Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.