Orienteringshelg i Førde med Resultat laurdag

Postet av Førde IL - Orientering den 10. Mai 2017

"Fint vêr, gode løyper, flott terreng" er oppsummeringa av Sunnfjordorienteringa 2017 i kortversjon.

Kva med deltakinga? Tja, på det jamne – nøyaktig samme antal deltakarar som i fjor – 44 løparar. Fleire av dei (for) mange klassane med berre ein deltakar. Positivt likevel at N-klassen var bra fyldig og nesten størst. Litt skarp konkurranse var det i H19-klassa der Torbjørn Os kom på topp, men det skilde berre få minutt mellom dei 4 beste. Ros til løypeleggar Yngve, som hadde utnytta det detaljrike terrenget til å lage løyper der orientering var viktigare enn kondisjon og fysisk styrke.















Resultat:

Resultatliste Sunnfordorienteringa 2017.PDF

Resultat Eventor:

http://eventor.orientering.no/Events/ResultList?ev...

Resultat Førdebodstikka og Ungdomsbodstikka:

Resultat Førdebodstkka-FB-210517.pdf


8 lag stilte i Førdebodstikka 2017, medrekna 3 lag i Ungdomsbodstikka. Arrangementet gjekk greitt unna i fint maivêr, men løypene var nok i vanskelegaste laget for dei yngste som deltok i Ungdomsbodstikka. Jamvel drevne løparar hadde sine problem ute i løypene. Førdes 1. lag var nokså suverene i Førdebodstikka, medan IL Veten vann Ungdomsbodstikka.

Førde IL Orientering innbyr til O-helg i Førde 20. og 21. mai. Sunnfjordorienteringa på laurdag og Førdebodstikka på sundag.

Merk at Førdebodstikka, i tillegg til 2-mannsstafetten, også har eit individuelt løypetilbod på N-nivå for alle (H/D open-N).

Arena for begge løpa er Skilbrei Ungdomssenter, og kartet er utsnitt av NM-kartet frå 2014. Sjå løpsinnbydingane: Sunnfjordorienteringa, Førdebodstikka.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc