O-løp onsdag 22. mai

Postet av Førde IL den 19. Mai 2024

EKSTRA LØP: Det vert nærløp onsdag 22. mai kl 18.00. Stad: Ulvedalane, dynamittlageret, ca 2 km langs riksveg 13 frå krysset på Moskog. Løyper:  A 4,9 km, B 2,8 km, C 1,5 km og Nybyrjarløype på 1,1 km.
200 meter å gå til start og 100 meter fra målpost til brikkeavlesing på samlingsplass.

Påmelding gjer du her. Det er også høve å melde seg på ved frammøte. 


Minner også om desse kretsløpa i Sogn og Fjordane:

25.-26. mai: Sogndal med løp laurdag og søndag + o-troll leir og ungdomssamling 
29. mai: Sunnfjordorienteringa i Førde
1. juni: Rotekoppen på Utvikfjellet

Du finn meir om arrangementa på Sogn og Fjordane Orienteringskrins sine nettsider. 
Oppfordrar løparar frå Førde om å delta på kretsløp i fylket! 


Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri



Nærløp Naustdal 15. mai

Postet av Førde IL den 12. Mai 2024

Onsdag 15. mai vert det nærløp i Helgåsmarka i Naustdal. Merka frå brua på rv 5 i sentrum. Start frå kl 18.00. Løyper A-lang 4,1 km, B-løype 2,7 km, C-løype 2,3 km, N-løype 1 km.  Kart: målestokk 1:7500. Utskrift på vassfast papir.

Påmelding på Eventor, ev. ved frammøte. 

NB! Onsdag 22. mai vert det nærløp på Skjervane (frå Moskog mot Vettereinene). Dette løpet står ikkje på nærløpsoversikten. Kjem tilbake med meir info om løypelengder og påmelding. 





54 på nærløp Førde Vassverk

Postet av Førde IL den 7. Mai 2024

Løypevinnarar 8. mai: A-lang kvinner Margit Sandem Fjellangen, A-lang menn Håkon Grønli, B-kort kvinner Julie Daling, B-kort menn Gunnar Gytri, C kvinner Bodil Ryste, C menn Anders Mallasvik. Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her.

-------------------------------------------------------------

Onsdag 8. mai er det klart for nærløp i orientering frå Førde Vassverk i Sundsdalen. Løypelengder. A-løype 4,6 km, B-løype 2,7 km, C-løype 1,9 km, N-løype 1,3 km. Ca 10 minutt å gå til start. Det gjer det ein del enklare for arrangør om ein melder seg innan kl 1400 onsdag på Eventor, men det er mogeleg å melde seg på ved oppmøte. Velkomen til alle!

 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri



Trygg på trening

Postet av Førde IL den 4. Mai 2024

Tambarskjelvar IL inviterer til Trygg på trening foredrag 7. april på Naustdal skule kl 18.00-20.00. Foredraget er åpent for alle (tillitsvalgte, trenere, lagledere og utøvere) over 16 år, også foreldre som ikke har en rolle i idrettslaget. I foredraget får dere mer kunnskap om hva seksuell trakassering og overgrep slik at dere kan kjenne det igjen, dere får noen tips til hvordan håndtere det, enten du er leder, trener, forelder eller lagkamerat. Du får konkrete tips til hvordan prate om det, du får kjennskap til retningslinjer og til varslingskanal. Alt dette for at idrettslaget skal stå tryggere og at utøverne skal være tryggere.

Overgrep skjer overalt i samfunnet, også i idretten. Det er naivt å tro at det ikke kan skje i eget idrettslag. Foredraget er kunnskapsbasert og formidles gjennom fakta, historier, video og en case.

Påmelding via denne lenken  Gratis inngang.



KM og krinsløp i Førde

Postet av Førde IL den 4. Mai 2024

Denne helga har det vore arrangert to o-løp i Førde med arena på Førde ungdomsskule. Fredag var det KM-sprint, med 39 deltakarar. KM-vinnarar frå Førde: Gaute Osvoll i H15-16, Trygve Hermansen i H17-, Julie Daling i D50, og Brita Eilertsen Grønli i D80. Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her.

Laurdag 4. august var det krinsløp mellomdistanse på det nyreviderte kartet over Førdslia. 50 løparar stilte på startstreken. Resultat her. 

Det er krinsløp i Askvoll 5.5.

Neste nærløp i Førde vert onsdag 8. mai med oppmøte Førde vassverk i Sundsdalen. Merka frå E39. Løyper for alle.  Påmelding gjer du her.

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør#enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri