10 lag i Førdebodstikka 2016

Postet av Førde IL Orientering den 1. Mai 2016

10 lag stilte til start i Førdebodstikka 2016, der 3 av desse var i Ungdomsbodstikka. Enkel orientering i Hafstadparken med ope og lettløpt terreng gav stor fart og raske tider. Beitet med Andreas Haug og Asgeir Årdal vart rått parti mot dei andre i feltet. Dei vann Førdebodstikka, om ikkje direkte suverent, så i alle fall med god margin til neste lag. I Ungdomsbodstikka var duoen Leif-Inge Jevnlid og Sven Langvik dei raskaste. Beste etappetid i den kortløypa på 1,2 km hadde Trobjørn Os med 5:00 minutt, medan Elias Bergset var raskast i langløypa på 2,2 km med tida 11:00.

Resultat med etappetider her.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.