O-skulen startar onsdag 14. april

Postet av Førde IL Orientering den 31. Mar 2021

Førde IL Orientering vil i år igjen arrangere O-skulen for aldersgruppa 8-12 år. På O-skulen vil du få innføring i kart og kompass, og korleis du kan bruke dette i orienteringssporten. Du treng ikkje ha noko kunnskap om dette frå før. Har du interesse for å lære deg ein ny spennande idrett, er du hjarteleg velkomen til oss. All aktivitet vil vere utandørs.

O-skulen blir arrangert fem onsdagar på rad, med oppstart onsdag 14. april på Sunnfjord Museum i Movika. Tidspunktet er kl 17.15 – 17.45. Onsdag er også dagen for nærløp i Førde IL Orientering, og O-skulen vil gå på same stad som nærløpa. Desse har start kl 18.00.

Instruktørar vert to av våre unge, lovande o-løparar: Anja Hole og Håkon Grønli.

Påmelding til O-skulen skjer til: Anders Grønli, epost: anders.gronli@enivest.net
Vi treng namn og etternamn, samt fødselsdato.

Deltakaravgift kr 300,-, som også inkluderer ein rekruttpakke. Innhaldet i den er ei personleg orienteringsbrikke og tommelkompass, som ein får behalde når kurset er gjennomført. Ein må vere medlem i Førde IL for å vere med.

Orienteringsgruppa rettar seg etter smittevernreglane som gjeld for Covid-19, og det vil fortløpande bli vurdert kor mange deltakarar ein kan ha med. Vi ønsker å finne ei løysing der alle som vil skal få høve til å delta.

PS! Skulle det vere interesse for andre få ei innføring i O-sporten, så vis gjerne interesse med å melde seg på til same adressa som ovanfor, så skal vi sjå kva vi kan få til.

O-skulen startar onsdag 14. april. 



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.