Nærløp frå Sunde skule og start O-skulen 24. april - Med resultat

Postet av Førde IL - Orientering den 16. Apr 2019

Onsdag 24. april arrangerer FIL Orientering nærløp frå Sunde skule. Start frå klokka 18.00. 

Resultat frå løpet her: Resultat Sunde Skule retta 240419.pdf

Grunna tekniske problem har ikkje Eventor resultat og strekktider denne gongen.

Denne dagen er det også skulestart for årets O-skule som startar klokka 17.30 og varar fram til 18.00. I forrige informasjonsskriv hadde det lurt seg inn ein liten skrivefeil angåande startdatoen, men onsdag 24. april er selvfølgeleg datoen!

Det er fortsatt nokre ledige plassar både for barn og vaksne. Om O-skulen kan vere noko for deg, kan du sjå her for meir informasjon:      2019 O-skulen (retta startdato).pdf

Dette nærløpet har også status som lagsmeisterskap sprint. Start for A-løypene og C-løypa blir på Farsundsida mens N-løypa i sin helhet blir på Sundesida. 

Som alltid har vi løyper for alle nivå, om du er nybegynner eller erfaren o-løpar. Velkommen til alle som ønsker å prøve ein spennande idrett!

  • N-løype for nybegynnarar
  • C-løype for for dei som vil prøve seg litt meir i terrenget
  • A-lang og A-kort for dei vidarekommande.

Spar tid på løpsdagen med å melde deg på løpet i      Eventor. Påmelding også ved frammøte.





Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline