Informasjonskvelden 4. april - Kort oppsummering i ord og bilete:

Postet av Førde IL Orientering den 5. Apr 2018

  • Terminlista er klar! Nærløpssesongen startar med Kick-off i Movika onsdag 11/4, og held fram onsdagar både før og etter sommarferien. Prisane for deltaking på løpa er uendra i forhold til 2017-sesongen. Påmelding helst på eventor.orientering.no, men også ved oppmøte på løpsdagen.
  • O-skulen er eit tilbod for barn i 1.-5. klasse. Leik og instruksjon rundt eit tema som er viktig for nybegynnarar. Dette vil foregå i forkant (17.30-18.00) av nærløpa på onsdagane i perioden 11/4-16/5, i alt 6 gongar. Våre eigne juniorløparar er instruktørar. Meir om dette kjem snart her på nettsida. 
  • Sunnfjordorienteringa og Førdebodstikka 26. og 27. mai. Sunnfjordorienteringa er arrangert sidan 1963 og har løyper for både nybegynnarar og mer erfarne o-løparar. 
  • Rekruttleir og O-trolleir 17.-18. august. 
  • Turorientering i perioden mai-oktober. 
  • Innetrening om vinteren.
  • Kvelden vart avslutta med eit lite o-løp i Hafstadparken for dei som ville det!



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.