Turorienteringa i gang - 4 turar er no klare!

Postet av Kenneth Husevåg-Lobben den 15. Apr 2020

Endeleg! Turorientering er ein aktivitet for alle, og passar svært godt som ein godkjent uteaktivitet i desse koronatider. Du kan gjennomføre åleine, eller i lag med andre i familien. Det er inga tidtaking og du vel sjølv når du vil ta turen, og kva for tur du vil gjennomføre. Turorientering er derfor ein aktivitet som passar godt når restriksjonar hindrar annan aktivitet. Hugs likevel dei generelle råda for å avgrense korona-smitte:

  • Ikkje gå mange i lag
  • Hald avstand dersom du møter andre på turen
  • Følg tilrådde hygienereglar: Vask hendene, host i albogen, unngå berøring av postane.

Nettsida til turorientering.no

I 2020 har Førde IL Orientering lagt opp turorientering i følgjande områder:

  • Hafstadparken
  • Førdehuset
  • Sunde-Farsund
  • Vieåsen
  • Ulvedalane
  • Kinna 
  • Kråkenesmarka


Dei fire første (Hafstadparken, Førdehuset, Sunde-Farsund og Vieåsen) er grøne turar, dvs. den lettaste typen der postane er plasserte langs sti og veg slik at turane også kan gjennomførast av rullestolbrukarar. 

Desse fire turane er gratis, og tre av dei er klare og kan lastast ned på turorientering.no

Den siste av dei gratis, grøne turane, Vieåsen, vert klar tidleg i mai. 

Postane til desse grøne turane består av ein stolpe med postnummer og postkode på toppen.

I tillegg til dei tre grøne turane er Ulvedalane klar. Denne kan kjøpast (50,-kr) og lastast ned på turorientering.no.

Tidleg i mai vert dei sista turorienteringsområda, Kinna og Kråkenesmarka, klare. Då vert det også mogleg å kjøpe turane på Erdal Sport.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.