Nærløpa som UsynligO

Postet av Kenneth Husevåg-Lobben den 11. Apr 2020

Koronasituasjonen gjer til at nærløpa ikkje kan arrangerast i tradisjonell form. Difor kjem Førde IL Orientering til å gjere nokre endringar denne vårsesongen. 

Det er utvikla ein app, UsynligO, og ei heimeside, usynligo.no som gjer det mogleg å lage orienteringsløyper utan å sette ut postskjermar og stemplingsbukkar i terrenget. Ein av utfordringane er at orienteringskarta må vere georefererte, slik at o-kartet og GPS-koordinatene på mobiltelefonen stemmer overeins. Dette vert det jobba med no, slik at fleire områder vil vere klare for UsynligO. 

Allereie no ligg det ei testløype ute, på Soleide. Oppfordringa vår er: Last ned appen, skriv ut kartet og test ut løypa! 




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.