Foto frå premieutdelinga KM langdistanse 28. august

Postet av Førde IL - Orientering den 29. Aug 2016

Bilteta nedanfor viser mange fornøgde KM-deltakarar og KM-vinnarar etter o-løpet KM-langdistanse som Førde IL arrangerte 28. august.

Nedanfor følgjer fleire foto tekne ved premieutdelinga etter orienteringsløpet. Foto: Johan Magerøy og Synnøve Husevåg-Lobben.

Resultatlista finn du her: Resultatliste KM lang 280816.PDF

Andreas Haug vart krinsmeister i klassen H17. Fire små sekund bak kom Torbjørn Os inn på ein god 2. plass. Sindre Hoff inn til KM-klassens 3. plass.


Julie Daling koser seg med tittelen KM-meister i klassen D17.


Elias Bergset (IL Veten) tok sigeren i klassen H15-16, med Trygve Nummedal Os på andreplass.


I klassen H50 vart Harald Hjellbrekke meister. Johan Magerøy på andre plass.



Irene Kroken Bergset (IL Veten) vann klassen D50.



Gynnar Gytri vann i klassen H60. Norvald Ospehaug (IL Tambarskjelvar) vart nr 2 og Edvin Helle (Askvoll og Holmedal IL) kom inn til 3. plass.



Brita Eilertsen Grønli vart meister i klassen D70.



Sven Bergset Langvik (IL Veten) vart vinnar i klassen H13-14. Leif-Inge Jevnlid (IL Veten) og Førde IL sin eigen Vegar Hole på henholdsvis 2. og 3. plass


Thale Eliassen Fink vann klassen D15-16.


Enkelte klassar hadde ikkje KM-status, men medaljar på dei vart det:

Klasse D11-12 og H11-12. Frå venstre: Oscar Eliassen Fink, Anders Scheflo Kvåle, Anja Hole, Sigurd Husevåg-Lobben, Alfred Daling Korsøen, Håkon Grønli og Elias Eliassen Fink.



Klasse D13-16C: Gunhild Daling Korsøen


Knut Even Hole og Anders Mallasvik Os konkurrerte i klassen C-open.



Kjekt å sjå så mange unge og lovende i N-løypa. I tilfeldig rekkefølge: Erik Grønli, Even Erland, Erlend Husevåg-Lobben, Johan Husevåg-Lobben, Elias Eliassen Fink, Truls Wik Tønder, Nikolai Stenseth Langeland og Sindre Wik Tønder.



Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.