Innbyding til Romjulsløp i orientering 26.des kl. 12:00 v/Førde Vassverk (Sundsdalen)

Postet av Førde IL Orientering den 19. Des 2015

Førde IL Orientering innbyr til det tradisjonelle Romjulsløpet.

Målet med løpet er å samle o-løparane til eit uformelt o-løp i jula..
Dato: 2. Juledag dvs. 26. Desember 2015.

Tid: Første start ca. kl 12.00. (fri start)
Frammøtestad: Førde Vassverk ca 1 km frå Sundsdalen-krysset (merka frå RV 39). Påmelding på Eventor eller ved frammøte.
Løyper: To A- løyper: 3,7 km og 2,4 km. Ei C-løype på 1,5 km.
Kart: Utsnitt Digernesvatnet. Målestokk 1:7 500, ekv 5.m. Utgitt 2006. Revidert 2015.

Løpsleiinga ber om at ein tar med seg 50 kroner for å dekkje avgifta til NOF og kanskje litt til O-gruppa i Førde. Og for denne prisen kan ein springe, få varm drikke etterpå, ete litt, og kose seg ved bålet saman med o-vener.
Vel møtt
Løpsleiar og løypeleggjar: Helge Schei


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.