Nærløp Byrkjeflot/Kinna 5. september - med resultat

Postet av Førde IL - Orientering den 1. Sep 2018

Onsdag 5. september er det endeleg premiere på det nye o-kartet Kinna! FIL Orientering har gleda av å ynskje velkomen til nærløp i orientering ved Byrkjeflot/Kinnaheia.

Kinnaheia er ei turperle i eit flott fjellterreng som omkranser Dyttingsvatnet. Dette er eit løp ein ikkje må gå glipp av!

RESULTAT: 16-Resultat Byrkjeflot-050918.pdf

                                                                                                                                                                                                      Foto: H. Mjanger

Løpet har også status som lagsmeisterskap langdistanse.

Start er klar frå kl.17.30 ( spesielt A-lang blir oppfordra til å starte tidleg, og det vert ingen anledning til start i A-lang etter kl 18.30)
AL tek kartet i det dei startar, preparerte kart ligg ved start.
Øvrige får upreparerte kart ved s-plass, deretter ca 10 min å gå motbakke til start. Merking frå sti og inn til start. .

Løypelengder for løpet er: N: 1,4 km, C: 1,8 km, A-kort 3,6 km og A-lang 5,8 km.

Vegen er merka frå krysset Sundsdalen/E39 med O-skjermar. Sjå også kartet/vegvisar:


Nærløpa i orientering har løyper som passar for for både store og små, nybegynnarar og erfarne o-løparar:

  • N-løype for nybegynnarar.
  • C-løype for for dei som vil prøve seg litt meir i terrenget.
  • A-lang og A-kort for dei vidarekommande.

Spar tid på løpsdagen ved forhåndspåmelding på løpet i Eventor.

Vel møtt til alle!






Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline