O-skule for barn født 2007-2011

Postet av Førde IL Orientering den 5. Apr 2018


O-skulen startar opp onsdag 11 april i Movika kl. 17.30. Den held fram onsdagane fram til 16. mai og vil kvar gong foregå i tidsrommet 17.30-18.00. Det vert i alt 6 frammøte, og det vil lønne seg å delta frå dag 1. Målgruppa er barn som fyller 7, 8 ,9, 10 eller 11 år i løpet av 2018.

Innhaldet i opplæringa baserer seg på leik og instruksjon rundt eit tema som er viktig for nybegynnarar, T.d: fargar, snu kartet rett veg, kartteikn, leielinjer, haldepunkt, kompass. 

O-skulen er alltid ute og alt foregår i kort avstand frå nærløpsarena. Det er fint om foreldrene kan være med barna første dag, for så å trekke seg litt tilbake. Det vil frigjere instruktørane og vonaleg gje ein super kontakt.

Instruktørar: Trygve Nummedal Os, Vegar Hole, Anja Hole og Håkon Grønli. 

Påmelding på e-post til Gunnar Gytri: gunnar.gytri@enivest.net innan 11 april, eller før oppstart i Movika 11/4 kl 17.30.

Deltakaravgift: Kr 300,- Rekruttpakke blir gjeve til nye som melder seg på. Nokre fekk slik pakke i 2017.

Plan for O-skulen finn du her: https://orientering.fordeidret...


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.