Turorientering til 23. oktober

Postet av Førde IL Orientering den 27. Sep 2022

Hausten kan vere ei fin tid til ein tur i fjellet. Grunna dårleg ver i sommar, utvidar vi tur-o-sesongen til 23. oktober. Det er såleis framleis mogeleg å få med seg mange tur-o-postar dei neste tre vekene. 

Det er enkle turar (grøne) i Hafstadparken, Vieåsen/Slåtten, Førde sentrum og Sunde/Farsund. Dette er turar der postane er lett tilgjengeleg.

Så er det turar som går ut i marka. Dei finn du i Sundsdalen (Koltjønna), Soleide, Kråkenesmarka og Sundsdalen (Høgelia).

Nedlasting av kart og utskrift gjer du sjølv på denne linken her. 

Bruk hausten godt - ta deg ein tur ut i skog og mark! Bildet over er frå Sundsdalen og området Høgelia. 





KM natt-orientering Vassenden

Postet av Førde IL Orientering den 24. Sep 2022

Førde IL Orientering arrangerer KM i nattorientering på Vassenden i Jølster fredag 30. september. Første start kl 20.15. Påmelding  innan onsdag 28.9 kl 21 (høve for etterpåmelding). Løpet går på nytt kart i Gjesdalsdalen, og det vert første løp som vert arrangert på kartet. 

Velkomen! For løypelengder, meir informasjon og påmelding, sjå Eventor på denne linken her.

Minner også om Haustbløya som går på Ramsdalsheia laurdag 1. oktober. Påmelding her. 



Sprintløp i Førde sentrum

Postet av Førde IL Orientering den 21. Sep 2022

Onsdag 21. september stilte 50 løparar til start på sprintløpet frå Førde ungdomsskule. Det var mange tette duellar i dei ulike løypene. Kva vegval ein hadde tatt, og kor det var lovleg å springe i forhold til hagar/avsperra område, var også eit tema for diskusjon i etterkant av løpet. Sjå linken for kven som var med, og resultatliste med strekktider her.

Førde IL Orientering arrangerer KM Natt på Vassenden fredag 30.9. Informasjon finn du her.
Tambarskjelvar arrangerer Haustbløyta på Ramsdalsheia laurdag 1.10. Informasjon finn du her. 

Førde IL Orientering sine støttespelarar: 
#specsavers - #sparebanken vest#autoservice #dale rør#enivest#bildeler førde  



O-løp Førde ungdomsskule

Postet av Førde IL Orientering den 19. Sep 2022

Onsdag 21. september går sesongens siste nærløp (i dagslys). Oppmøte Førde ungdomsskule. Start frå kl 18.00. Løpet er lagsmeisterskap i sprint. Løypelengder: A-lang 3,2 km, A-kort 2,4 km, C-løype 1,4 km og N-løype 1 km. 

Det har vore god oppslutning om årets nærløp-sesong. Med 26 deltakarar på siste løp, vil vi sette ny årsrekord på nærløp. Vi håper difor at AKKURAT DU kjem og blir med denne ettermiddagen!
Påmelding gjer du her. 

Førde IL Orientering sine støttespelarar: 
#specsavers - #sparebanken vest - #autoservice - #dale rør - #enivest#bildeler førde  



Unge KM-vinnarar

Postet av Førde IL Orientering den 18. Sep 2022

I helga var det orienteringshelg i Sogndal. Laurdag var det sprint i Sogndal sentrum, medan søndag var det KM Lang i Hodlekve. Førde hadde bra med løparar til start begge dagar. 

Mange fekk utfordringar søndagen, med krevjande terreng og løyper. På bildet nokre av KM-vinnarane på løpet søndag: Gaute Osvoll (H13-14), Olina Svarstad Heggdal, Markane (D13-14), Anja Hole (D17-18) og Håkon Grønli (H19). I tillegg hadde Førde desse klassevinnarane: Anders F Slåtten (A-lang open) og Yngve Årdal (H50). 

Resultater frå KM Lang søndag finn du her: 



Kompetansehelg Gardermoen

Postet av Førde IL Orientering den 17. Sep 2022

Invitasjon til Kompetansehelg Norsk Orientering 29.-30. oktober 2022

Norges Orienteringsforbund invitere til en helg for inspirasjon, erfaringsutveksling og faglig påfyll på Quality Airport Hotel Gardermoen

Det blir et rikholdig og variert program og vi håper at temaene frister til deltakelse.  Både ungdom og voksne, nye og erfarende er velkommen. Meld deg på nå!


- Programmet for kompetansehelgen kan du lese i helhet: HER 

- Påmelding gjøres i Eventor/forbundsaktiviteter HER (påmeldingsperiode 1. – 30. sept.)  

 Nyhet om Kompetansehelgen på orientering.no: HER

 Nytt i år er kveldswebinar i dagene før Kompetansehelga. Sjekk siste side i programmet.

 -------------------

Førde IL Orientering, styret, tenker å ha representantar her. Dersom DU er interessert å vere med, gje beskjed til Knut Even, epost: knuteh@hotmail.com, innan 22.9.. Sjå gjennom programmet om kva tema du "brenn for", og du kan tenke deg å bidra med neste året. Styret tek avgjerd på kven og kor mange vi sender. 



50 til start på Slåtten

Postet av Førde IL Orientering den 14. Sep 2022

50 løparar stilte til start på nærløpet frå Slåtten skule onsdag 14. september. Løypevinnarar vart: Elisabeth Kusslid, C kvinner; Martin Olai Spjutøy, C menn; Anita E. Hole, A kort kvinner; Alfred Daling Korsøen, A kort menn; Anja Hole, A lang kvinner, Anders F Slåtten, A-lang menn. Resultatliste med strekktider finn du her.

Siste nærløp vert onsdag 21. september kl 18.00 med oppmøte Førde ungdomsskule.
Løpet er sprintløp. Påmelding gjer du her. 

Førde IL Orientering sine støttespelarar: 
#specsavers - #sparebanken vest#autoservice #dale rør#enivest#bildeler førde  



Nærløp Slåtten skule 14.9.

Postet av Førde IL Orientering den 13. Sep 2022

Minner om nærløp, sprint, på Slåtten skule onsdag 14. september. Start frå kl 18.00. Løyper for alle. Velkomen! Påmelding gjer du her.



Orienteringshelg i Sogndal

Postet av Førde IL Orientering den 12. Sep 2022

O-troll leir og Ungdomsleir
Sogn og Fjordane Orienteringskrins / Sogndal IL arrangerer o-troll leir og ungdomsleir for yngre løparar i Sogndal 17. og 18. september. Påmelding via Eventor, der du også finn meir informasjon (sjå ev. link under på KM-helg i Sogndal)

O-trolleir(-12 år):  https://eventor.orientering.no/Events/Show/17000
Ungdomssamling (13+ år): https://eventor.orientering.no/Events/Show/17001

Kretsløp sprint i Sogndal sentrum laurdag 17., og KM langdistanse Hodlekve søndag 18. sept.
For løparar frå Førde som ønsker overnatting frå laurdag til søndag har Yngve Årdal moglegheit til å huse ein del på hytte i Hodlekve. Framleis ledige senger. Gje beskjed til Yngve om ein ønsker det.

Informasjon om løpa i Sogndal finn du her:
http://www.orientering.no/kretser/sogn-og-fjordane/nyhetsarkiv/nyheter-sogn-og-fjordane/sprintlop-og-km-lang-i-sogndal-og-hodlekve-17-18-sep/


Førde IL Orientering sine støttespelarar: 
#specsavers - #sparebanken vest - #autoservice - #dale rør - #enivest#bildeler førde  




257 km for Kreftforeningen

Postet av Førde IL Orientering den 11. Sep 2022

Kreftforeningen sitt arrangement Stafett for livet vart arrangert i Førde denne helga. Førde IL Orientering stilte lag, og hadde minst ein løpar på bana gjennom dei 24 timane stafetten varte.

Det vart eit veldig flott arrangement for ei viktig sak. Over 1000 personar deltok på bana dette døgnet. Vi hadde ein del medlemmer som hadde takka ja til å ta 1 eller 2 timar på bana. I tillegg dukka det andre opp og gjekk for klubben. Og mange tok også fleire runder etter det ein hadde forplikta seg til. Takk for alle for ein veldig god innsats.

Totalt gjekk klubben 643 runder på bana. Med 400 meter pr. runde blir dette over 257 km.

Knut Even Hole har kommentert dette på Facebook: "Da er underteikna ferdig med mine to timer fra 05.00-07.00 og tatt to timer til for å få opp antallet på telleren til o-gruppa. Fam. Hole gir 1 krone til Kreftforeningen pr runde o-gruppa klarer, og oppfordrer o-løpere og andre om å gjere det samme. Bruk linken her og støtt opp om ei fantastisk god sak." 

https://innsamling.kreftforeningen.no/stafett-forde…/5-17636

 





Anja med 15. plass i junior-NM

Postet av Førde IL Orientering den 11. Sep 2022

NM i orientering vart arrangert denne veka i Asker. Langdistanse gjekk torsdag, medan mellomdistanse gjekk laurdag. Anja Hole og Håkon Grønli representerte Førde IL Orientering begge dagar.

Når vi snakkar med løparane i ettertid, er det Anja som er mest fornøgd. Ho noterte seg for ein sterk 15. plass på mellomdistansen, og ein 23. plass på langdistansen i klasse D17-18. – Eg er spesielt nøgd med mellomdistansen. Ein 15. plass er karrierebeste på eit storløp. Eg følte orienteringa gjekk bra, sjølv om det vart nokre småbom av og til, fortel ho.

Håkon Grønli tok ein 37. plass på mellomdistansen, og ein 38. plass på langdistansen i klasse H17-18. Resultata er han ikkje heilt fornøgd med. – Løpsformen er bra, men det var krevjande å halde stor fart og lese kart samtidig. Men eg konkurrerer mot mange løparar som er eitt år eldre, så det blir nye sjansar i same klasse neste år, seier han.

Kartet over viser løypa til D17-18 mellomdistanse. Resultat og livelox finn du her.



Stafett for livet i helga

Postet av Førde IL Orientering den 8. Sep 2022

Stafett-for-livet.pdf

Førde IL Orientering er med på Kreftforeningen sin Stafett for livet i Førde i helga. Mange har sagt ja til å vere med, men vi har plass til fleire. Sjå meir informasjon her:  Stafett-for-livet.pdf



Resultat Naustdal 7.9.

Postet av Førde IL Orientering den 7. Sep 2022

33 løparar deltok på nærløpet nær Ramsdalsheia onsdag 7. september. Løypevinnarar vart: A-lang menn Håkon Grønli; A-lang kvinner Anja Hole; A-kort menn Patrick Langeland; A-kort kvinner Anja Sægrov, C-menn Lars Kyte, og C-kvinner Anita E. Hole. Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her.

Neste nærløp vert onsdag 14.9 på Slåtten skule. Påmelding gjer du her.

Førde IL Orientering sine støttespelarar: 
#specsavers - #sparebanken vest - #autoservice - #dale rør - #enivest#bildeler førde  





Nærløp Naustdal 7.9.

Postet av Førde IL Orientering den 5. Sep 2022

Nærløp orientering onsdag 7. september i Naustdal. Start frå kl 17.30. Merka frå Rv5 Naustdalstunnelen i Naustdal sentrum, Følg vegen mot Ramsdalsheia. Samlingsplass langs vegen. Løyper: A-lang 5,8 km, A kort 3,4 km, C-løype 2,1 km, N-løype 1,2 km. Velkomen til alle. Påmelding gjer du her. 



Haustsesongen i o-gruppa

Postet av Førde IL Orientering den 4. Sep 2022


Det er framleis mykje god o-aktivtet igjen av årets sesong.
Les om det her: Nyhetsbrev 3-22.pdf