Alle 10 turane i TurO er på plass

Postet av Førde IL Orientering den 26. Mar 2024

Bilde frå post C9 med Storehesten i bakgrunn.

Då er alle 10 turane i årets turorientering på plass. 80 av 82 postar er plasert, manglar berre post B7 og B10 på kinna pga mykje snø. Det er framleis ein del snø igjenn i terrenget, så alternativet her er truger eller ski dersom det ikkje ber på skaresnøen. Lite snø på Einestøylen, og alle grøne turar i lavlandet er snøfrie


1 Kommentar

O-sesongen ute er starta!

Postet av Førde IL Orientering den 25. Mar 2024

O-sesongen 2024 utandørs er starta! Tur-o-rådet har alt fått mange av postane ut i terrenget, så her er det mogeleg å komme i gang alt i påska. Nærløp-sesongen startar i Movika onsdag 10. april. I denne oversikta vil du finne mykje nyttig informasjon nærløpa, turorientering, drakter, o-skulen for alle aldersgrupper, morO for dei yngste, samt ulike leirar for barn og unge. Vi ser fram til å sjå deg ute i naturen denne sesongen! 

Nyhetsbrev 1-24.pdf

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

FØRDE IL ORIENTERING SINE STØTTESPELARAR 2024: 




Tilbakeblikk. NRK innslag for 20 år sidan

Postet av Førde IL Orientering den 16. Mar 2024

Eit lite tilbakeblikk på ei alternativ orienteringstrening med truger i eit innslag vist på NRK Vestlandsrevyen 6 februar 2024. To framleis aktive o-løparar i full driv med truger. Klikk på lenka for innslag 6. "Trugeorientering på Langeland"



Tilbakeblikk. NRK innslag for 20 år sidan

Postet av Førde IL Orientering den 16. Mar 2024


Eit lite tilbakeblikk på o-innslag som NRK viste 6 februar 2024. To framleis aktive o-løparar i alternativ orienteringstrening med truger. Klikk på

og innslag 6. i sendinga på Vestlandsrevyen.




Fjord-O 2024 i Bergen

Postet av Førde IL Orientering den 13. Mar 2024


Orienteringssesongen nærmar seg. Første løp i Førde vert onsdag 10. april i Movika. Meir info om o-sesongen kjem snart. Tar i dag med innbydelsen til Fjord-O 2024 som går 3.-7. juli i Bergen/Kvamskogen. Det er rimelegare påmeldingsavgift dersom ein melder seg på innan 15.3. Er det nokon i klubben som er interessert i eit felles opplegg med overnatting, gje beskjed til Knut Even, epost knuteh@hotmail.com innan søndag.

Innbydinga til Fjord-O 2024 finn du her: fjord-0-2024.pdf