Nærløp nattorientering Langelandshøgda 2. oktober - med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 30. Sep 2019

Nattløp frå Langelandshøgda onsdag 2. oktober. Løpsstart vert kl. 20:00. 

Frammøte på Langelandshøgda, løypene går langs vegen frå Høgda til Hundsrasta på Digerneskartet.
Målestokk 1:7500.
Løype AL: 3,5 km, AK: 2,4 km og C: 2,3 km

Resultatliste: Res.Natt02.10.19.pdf




Resultat frå sprintløpet ved Viebøen 14. september

Postet av Førde IL Orientering den 15. Sep 2019

Vêret var temmeleg vått, men siste opptelling viste at 38 store og små stilte til start på laurdagssprintløpet i Vieåsen 14. september. Då var det greit å stå under tak når premiane vart delt ut. 

Resultatlista frå løpet kan lastast ned her: Sprint Førde IL Resultat-ny-140919.pdf

Resultat og strekktider på Eventor: https://eventor.orientering.no/Events/ResultList?eventId=10800&groupBy=EventClass 

Vinnarane i klasse D15-16, Anja Hole,
D17-, Gøril Fristad og H13-14, Håkon Grønli

Torbjørn Os og Torodd Os held kontrollen på resultat og strekktider



Nærløp Slåtten skule 18. september - med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 14. Sep 2019

Resultat: Resultat Slåtten Skule ny 180919.pdf

Resultat og strekktider på Eventor: https://eventor.orientering.no/Events/ResultList?eventId=11914&groupBy=EventClass 


Nærløpssesongen nærmar seg slutten, og det siste ordinære nærløpet for denne sesongen vert arrangert ved Slåtten skule onsdag 18. september klokka 18.00

Hausten har starta ganske vått, men alle veit at o-løparar ikkje merkar noko til regn og vind. Dessutan er vêrmeldinga for denne kvelden ganske lovande, så vi håpar mange kjem!

Vi ønsker velkommen til alle store og små som ønsker å prøve ein spennande idrett!

På nærløpa finn du løyper for alle nivå, enten du er nybegynner eller erfaren orienteringsløpar!

  • N-løype for nybegynnarar
  • C-løype for for dei som vil prøve seg litt meir i terrenget
  • A-lang og A-kort for dei vidarekommande.

Spar tid på løpsdagen ved førehandspåmelding til løpet i Eventor.



Nærløp Stakaldefossen 11/9 - med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 5. Sep 2019

Resultat: Resultat Stakaldefossen 110919.pdf

Eventor: https://eventor.orientering.no/Events/ResultList?eventId=11913&groupBy=EventClass 


Nærløpet onsdag 11. september vert arrangert frå Stakaldefossen ved Moskog (Sjå kartet).

Løpsstart frå klokka 18.00.

Følg merkinga med O-skjermar frå krysset ved Moskog. Sving til venstre ca 450 meter etter Moskogkrysset. Avkøyringa er merka med o-skjermar.

Nærløpa i orientering har løyper som passar for for både store og små, nybegynnarar og erfarne o-løparar:

  • N-løype for nybegynnarar
  • C-løype for for dei som vil prøve seg litt meir i terrenget
  • A-lang og A-kort for dei vidarekommande.

Spar tid på løpsdagen ved forhåndspåmelding på løpet i Eventor.

Vel møtt til alle!




Oppsummering av Vestlandsmeisterskapen 2019

Postet av Førde IL Orientering den 4. Sep 2019

Sogn og Fjordane orienteringskrins har laga ein fin oppsummering av Vestlandsmeisterskapen.

Kan også lastast ned: Frå Vestlandsmeisterskapen.pdf



O-helg i Førde og Naustdal 14. og 15. september

Postet av Førde IL Orientering den 3. Sep 2019

Førde IL og Tambarskjelvar IL inviterer til sprintløp i Førde 14. september og KM Lang (Haustbløyta 2019) i Naustdal 15. september. 

Invitasjonen ser du nedanfor og du kan laste den ned her: O-løp i Sunnfjord sept -19.pdf

(4/9, kl 10.45: Invitasjonen er oppdatert med nokre viktige korrigeringar for KM Lang)

Påmelding til løpa innan 12/9 kl 23.00 på Eventor, følg linkane: