Nærløp Soleide 1. mai - med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 26. Apr 2019

Resultat frå løpet kan du laste ned her: Resultat Soleide-retta- 010519.pdf

-eller sjå på Eventor: https://eventor.orientering.no/Events/Show/11324 

---------------------------------------------------------------------------

Nærløp frå Soleide/Klappene i Førde. Start fra klokka 18.00. Velkommen til alle store og små o-løparar.

På nærløpa finn du løyper for alle nivå, enten du er nybegynner eller erfaren orienteringsløpar!

  • N-løype for nybegynnarar
  • C-løype for for dei som vil prøve seg litt meir i terrenget
  • A-lang og A-kort for dei vidarekommande.

Meir informasjon finn du på   Eventor. Her kan du også førehandspåmelde deg, om du vil. Påmelding også ved frammøte.

O-skulen startar klokka 17.30.



Grunnkurs E-læring: Løypeleggjing

Postet av Førde IL Orientering den 26. Apr 2019

Norges Orienteringsforbund har laga eit e-læringskurs i løypeleggjing, som ligg tilgjengeleg på nettsidene til Norges Idrettsforbund. 


Målgruppa for kurset er både løypeleggjarar og alle andre som er interessert i løypeleggjing. 

Kurset er delt opp i leksjonar som kan gjennomførast når du har tid. Heile kurset tek til saman 1-2 timar. Kurset kan også brukast som eit oppslagsverk om ein ønsker det. Logg deg inn på min idrett og ta kurset.

Linkar:

http://www.orientering.no/nyheter/nytt-e-laerings-kurs-i-loypelegging/?fbclid=IwAR0B_lC3t0WFWdl9zxBu6aX-qnR6v459oQM3EqXt2xs7Nv9f-FEJljaxeBA 

https://ekurs.nif.no/course/index.php?categoryid=185&fbclid=IwAR3Es73wVw1jhRlsQnXlPQRw75wxzX92-6F9-pKAOlGl-DZRM9lXmetxKaU 





Innbyding til synfaringskurs!

Postet av Førde IL Orientering den 24. Apr 2019

FIL Orientering arrangerer synfaringskurs for alle interesserte medlemmer i FIL Orientering denne våren. 

Påmelding innan 8 mai til instruktør for kurset Gunnar Gytri på e-post: gunnar.gytri@enivest.net

Invitasjon kan lastast ned her: Synfaringskurs_Førde_2019.pdf



Nærløp frå Sunde skule og start O-skulen 24. april - Med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 16. Apr 2019

Onsdag 24. april arrangerer FIL Orientering nærløp frå Sunde skule. Start frå klokka 18.00. 

Resultat frå løpet her: Resultat Sunde Skule retta 240419.pdf

Grunna tekniske problem har ikkje Eventor resultat og strekktider denne gongen.

Denne dagen er det også skulestart for årets O-skule som startar klokka 17.30 og varar fram til 18.00. I forrige informasjonsskriv hadde det lurt seg inn ein liten skrivefeil angåande startdatoen, men onsdag 24. april er selvfølgeleg datoen!

Det er fortsatt nokre ledige plassar både for barn og vaksne. Om O-skulen kan vere noko for deg, kan du sjå her for meir informasjon:      2019 O-skulen (retta startdato).pdf

Dette nærløpet har også status som lagsmeisterskap sprint. Start for A-løypene og C-løypa blir på Farsundsida mens N-løypa i sin helhet blir på Sundesida. 

Som alltid har vi løyper for alle nivå, om du er nybegynner eller erfaren o-løpar. Velkommen til alle som ønsker å prøve ein spennande idrett!

  • N-løype for nybegynnarar
  • C-løype for for dei som vil prøve seg litt meir i terrenget
  • A-lang og A-kort for dei vidarekommande.

Spar tid på løpsdagen med å melde deg på løpet i      Eventor. Påmelding også ved frammøte.




Ungdomssamling og samling for born i Stryn 27.-28. april.

Postet av Førde IL Orientering den 15. Apr 2019

IL Veten og Sogn og Fjordane Orienteringskrins inviterer til ungdomssamling og samling for born i Stryn 27.-28. april.

Samlinga byrjar etter KM Mellom den 27. april og blir avslutta før KM Sprint den 28. april.

Invitasjonen kan lastast ned her: Innbyding O-leir i Stryn 2019.pdf





O-skulen 2019 - For både barn og vaksne

Postet av Førde IL Orientering den 7. Apr 2019

O-skulen er eit tilbod for barn født i 2008-2011. Kvar onsdag i perioden 24. april (OBS! Feil dato i invitasjonen nedanfor. rett dato skal vere onsdag 24. april) fram til og med onsdag 22. mai vert det arrangert O-skule i tidsrommet 17.30-18.00 der nærløpa vert arrangert. Påmelding til gunnar.gytri@enivest.net innan 10 april. 

Nytt i år er at også vaksne, som føler dei treng basiskunnskap om orientering, får eit eige tilbod på same tidspunkt og stad.

Om du har spørsmål angåande O-skulen, kan du møte opp på vårt første nærløp i Movika 10. april klokka 18.00. 

Meir informasjon  om O-skulen finn du nedanfor, eller du kan laste ned pdf her:  2019 O-skulen.pdf



Nærløp i Movika 10. april - med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 6. Apr 2019

Resultatliste frå løpet kan lastast ned her:   Resultat Movika 100419.pdf   

Resultat og strekktider på Eventor:   https://eventor.orientering.no/Events/Show/11322 

Ventetida er over! Onsdag 10. april kl. 18.00 startar nærløpssesongen for Førde IL - Orientering.

Som tidligere år starter vi ved Sunnfjord Museum i Movika. Her finn du løyper for alle nivå, om du er nybegynner eller erfaren o-løpar. Velkommen til alle som ønsker å prøve ein spennande idrett!

Som vanleg har nærløpa løyper som passar for alle: 

  • N-løype for nybegynnarar
  • C-løype for for dei som vil prøve seg litt meir i terrenget
  • A-lang og A-kort for dei vidarekommande.

Spar tid på løpsdagen med å melde deg på løpet i   Eventor. Påmelding også ved frammøte.




Førde IL sin Heiderpris til Egil Nestande!

Postet av Førde IL Orientering den 4. Apr 2019

Under årets festmiddag for Førde Idrettslag vart det delt ut heiderspris til medlemmer som har lagt ned ein formidabel innsats i minst 20 år. 

Ein av dei som vart hedra var vår eigen Egil Nestande. Gjennom nærmare 50 år har han lagt ned ein enorm innsats for O-gruppa og orienteringssporten i Førde og Sogn og Fjordane. 

Gratulerer med velfortjent heider for innsatsen, Egil! Tusen takk frå alle i O-gruppa! 

I 2015 vart også Egil tildelt æresmedlemsskap i Førde IL Orientering.





Medhjelparar til Sunnfjordorienteringa søkes!

Postet av Førde IL Orientering den 4. Apr 2019

Sunnfjordorienteringa har vore arrangert sidan 1963. I år er datoen satt til onsdag 5. juni, og staden er Kinna. I den forbindelse ønsker arrangementskomitéen noen hjelpende hender til dette tradisjonsrike arrangementet. Det de treng hjelp til er: 

  • 1 person til parkering
  • 2 personer til sekretariat
  • 1 person til starten for A-løypene (disse skal ha flexistart hvor kartene deles ut i startøyeblikket)
  • 1-2 person(ar) til å betjene boller/kaffe/drikke, samt premieutdeling og opphenging av resultatlister.

Personer som er interesserte i å hjelpe litt til denne kvelden må ikkje nøle med å ta kontakt med Kurt Grønli på SMS (95795169) eller epost: kugroen@online.no



O-brosjyra 2019

Postet av Førde IL Orientering den 4. Apr 2019

Flott vårvær må nok ta litt av skulda for dårleg oppmøte på informasjonsmøtet i Hafstadparken. Her vart planane for O-skulen 2019 presentert. Meir informasjon om det kjem snart, men onsdag 25. april er skulestart!

På møtet vart det også litt informasjon om Turorienteringa og nærløpa for sesongen. O-brosjyra for 2019 vart presentert og kan lastast ned her: 

Obrosjyreutgave_2019_utside.pdf

Obrosjyreutgave_2019_innside.pdf


PS Godværet ser ut til å halde seg fram til onsdag 10. april, da vi startar orienteringssesongen i Movika! 



Viktig nytt om posteiningar til Nærløp

Postet av Førde IL Orientering den 1. Apr 2019

Alle som har vore løypeleggarar veit at det kan vera litt av ein jobb å bera med seg 12-15 postbukkar ut i terrenget. Derfor har vi bygt om nokre posteiningar slik at dei skal vera lettare å ta med seg.  I staden for postbukk har vi festa einingane til ei plate med snor for feste til ei grein eller ei stikke, sjå bilde.

Vi har laga 18 slike posteiningar.  Til eit nærløp med fleire postar må det supplerst med vanlege postbukkar. Til start og mål brukar vi også vanlege postbukkar.  Liste over posteiningar fin du her.