Velkommen til informasjonskveld onsdag 3. april i Hafstadparken

Postet av Førde IL - Orientering den 29. Mar 2019

FIL Orientering inviterer til informasjonskveld onsdag den 3. april kl 18:00-19:30 på FIL-huset i Hafstadparken.

Samlinga er open for alle, og vi er svært interessert i å få kontakt med foreldre og nybegynnarar som har delteke på våre nær-o-løp tidlegare, eller som kan tenkje seg å starte med orientering som aktivitet.

Det vert informasjon om FIL Orientering sine planar for 2019-sesongen med blant anna O-skule, nærløp og turorientering.

O-skulen er i år eit tilbud for aldersgruppa 8-11 år, der nokre av våre mest aktive ungdomar vil være instruktører.

Enkel servering.




Nærløpslista 2019 er klar!

Postet av Førde IL - Orientering den 19. Mar 2019

Nærløpslista for FIL Orientering er klar og kan lastast ned her:

Nærløpsliste og andre løp 2019-oppdatert-180319.pdf



Sesongkort for Nærløpssesongen 2019

Postet av Førde IL - Orientering den 19. Mar 2019

No er det ikkje lenge til o-sesongen starter. Første nærløp blir onsdag den 10/4 fra kl 18.00 ved museet i Movika.

Onsdag den 3/4 blir det info-kveld på FIL-Huset i Hafstadparken kl 1800.

Som de kjenner til så tilbyr vi sesongkort som gjeld for alle nærløpa sesongen gjennom.

I starten av orienteringssesongen er det mange som ønsker å kjøpe sesongkort på nærløpa, og det oppstår fort lange køer dei første onsdagene.

For å unngå dette ber vi om at de som ønsker sesongkort gjer dette på forhånd.

De kan betale sesongkort til konto nummer: 

3700 07 15094

Viktig! Merk betalingen med kva det gjeld og navn på løper/e. Ta med kvittering som viser betalingen til nærløpet og de vil få utlevert sesongkortet og slepp kø.

Priser for 2019:


Barn/ungdom tom 17 årVoksen
Sesongkort200 kr500 kr
Enkeltløp40 kr60 kr
Leigebrikke*Gratis40 kr

* Mangler du brikke og ønsker å kjøpe dette ta kontakt med oss. Prisane er 600,- for vanlig løpsbrikke og 700,- for løpsbrikke m/diode.

Vil også oppfordre alle til å melde seg inn i Førde IL, ved å registrere nytt medlem på: https://minidrett.nif.no/ .

Er du allerede medlem og ikkje har fått faktura. Gå inn og sjekk at det er riktig mailadresse som ligg inne.

Nærløpslista for 2019 er klar og kan lastast ned HER.



Har du hugsa medlemskontingenten?

Postet av Førde IL - Orientering den 15. Mar 2019

Antall betalande medlemmer i Idrettsregistreringa har betydning for tilskotet vi får frå hovudlaget, og dei som deltek i våre aktivitetar blir oppfordra til å betale medlemskontingent. 

Førde IL nyttar Noregs Idrettsforbunds medlemsregistrerings- og betalingssystem «Min idrett» og medlem av FIL må være registrert der. 

Er du ikkje brukar (m.a.o. har ein profil og eit passord) av Min idrett? Gå til på nettsida til FIL Orientering og velg Bli medlem (Min Idrett) og registrer deg (eller din familie) der. Trinn-for-trinn-forklaring ligg på den same sida. Da vil du ved seinare høve få epostvarsel om faktura og kan betale medlemskontingenten online med kredittkort, eventuelt betale med KID i nettbank/giro.



Levert av IdrettenOnline