Nattorientering Baubrekka, Moskog onsdag 26. september kl 19.30 med resultat.

Postet av Førde IL Orientering den 23. Sep 2018

FIL Orientering arrangerar natt-O-løp onsdag 26. september klokka 19.30.

Staden er Baubrekka, nord for Moskogkrysset.

Løypeleggjar Knut Even har lagt opp tre løyper:

  • C-løype på 1,8 km
  • A-kort på 2,8 km
  • A-lang på 4,4 km

På natt-O-løpa kan alle orienteringsløparar med litt o-erfaring møte opp og delta. Ungdom og litt uerfarne kan få løpe to og to. Lykta treng absolutt ikkje å vere i superklassa, men hugs at du skal løpe i mørkret ei god stund! Eit godt tips kan være å ha ei reservelykt i lomma, som ein ekstra tryggleik.

Vel møtt!


Resultat 260918.pdf



Nattorientering Sundsdalen - onsdag 19. september kl 19.30 med resultat.

Postet av Førde IL Orientering den 16. Sep 2018

Hausten er jo full av høgdepunkt, men for orienteringsløparar er nok natt-O-løpa det største! 

Terminlista har åtte løp på onsdagane utover hausten. Nøyaktig tidspunkt for start vil bli gjort kjent på heimesida og Facebook nokre dagar før løpa. O-nattløp Masdalen 19.09.18.pdf

Onsdag 19. september vert det start frå kl 19.30. 

Staden er Naturmøteplassen og lysløypeanlegget i Sundsdalen. Løypeleggjar Helge kan melde om flott terreng, relativt flate og fine trasèar. A-løypene er på omtrent 3,5 og 2,4 km. C-løypa på ca 1,3 km.

På natt-O-løpa kan alle orienteringsløparar med litt o-erfaring møte opp og delta. Ungdom og litt uerfarne kan få løpe to og to. Lykta treng absolutt ikkje å vere i superklassa, men hugs at du skal løpe i mørkret ei god stund... Eit godt tips kan være å ha ei reservelykt i lomma, som ein ekstra tryggleik.

Som regel vert det satt opp tre løyper: A-lang, A-kort og C-løype.

Hugs å møte opp med skjerpa blikk, eit godt kompass og fullada hovudlykter!

Ein liten inspirasjonsvideo til slutt (ekstern link): Nattorientering i Holmenkollen



O-helg i Naustdal 22.- og 23. september

Postet av Førde IL Orientering den 16. Sep 2018

Tambarskjelvar IL inviterar til KM-natt laurdag 22. september og Haustbløyta søndag 23. september.

KM-natt er i Instedalen med start i skianlegget. Start kl. 20.00 eller når det er mørkt nok!

Haustbløyta på søndag er på veg mot Ramsdalsheima på Naustdalsida. Det er merka frå riksveg 5 ved Naustdalstunnelen. 

Påmelding på EVENTOR eller til Åsmund Berthelsen – asmund.berthelsen@icloud.com el. 93237073 innan torsdag den 20. september.

Innbydingar finn du her:

Innbydelse KM-natt.pdf

Innbydelse Haustbløyta.pdf



Nærløp Høgda/Langelandsvatnet 12. september - med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 8. Sep 2018

Velkommen onsdag 12. september kl 18.00 til nærløp i orientering ved Bekkjeholten/Høgda i nordenden av Langelandsvatnet.  

Området her egner seg godt for haustløp, og terrenget her lar regnet som kjem, renne lett av. 

RESULTAT: 17-Resultat Bekkeholten-retta-120918.pdf

Dette er forøvrig det siste nærløpet før natt-o-sesongen startar, så vi håpar mange kjem denne kvelden!

Nærløpa i orientering har løyper som passar for alle, både store og små, nybegynnarar og erfarne o-løparar:

  • N-løype for nybegynnarar
  • C-løype for for dei som vil prøve seg litt meir i terrenget
  • A-lang og A-kort for dei vidarekommande.

Spar tid på løpsdagen ved førehandspåmelding til løpet i Eventor.

Kartet som vert brukt er Bekkeholten/Høgda og litt av kartet Bringeland. Samlingsplass blir parkeringsplassen vest for E39 i nordenden av Langelandsvatnet (Førdesida).

Vel møtt til alle!






Nærløp Byrkjeflot/Kinna 5. september - med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 1. Sep 2018

Onsdag 5. september er det endeleg premiere på det nye o-kartet Kinna! FIL Orientering har gleda av å ynskje velkomen til nærløp i orientering ved Byrkjeflot/Kinnaheia.

Kinnaheia er ei turperle i eit flott fjellterreng som omkranser Dyttingsvatnet. Dette er eit løp ein ikkje må gå glipp av!

RESULTAT: 16-Resultat Byrkjeflot-050918.pdf

                                                                                                                                                                                                      Foto: H. Mjanger

Løpet har også status som lagsmeisterskap langdistanse.

Start er klar frå kl.17.30 ( spesielt A-lang blir oppfordra til å starte tidleg, og det vert ingen anledning til start i A-lang etter kl 18.30)
AL tek kartet i det dei startar, preparerte kart ligg ved start.
Øvrige får upreparerte kart ved s-plass, deretter ca 10 min å gå motbakke til start. Merking frå sti og inn til start. .

Løypelengder for løpet er: N: 1,4 km, C: 1,8 km, A-kort 3,6 km og A-lang 5,8 km.

Vegen er merka frå krysset Sundsdalen/E39 med O-skjermar. Sjå også kartet/vegvisar:


Nærløpa i orientering har løyper som passar for for både store og små, nybegynnarar og erfarne o-løparar:

  • N-løype for nybegynnarar.
  • C-løype for for dei som vil prøve seg litt meir i terrenget.
  • A-lang og A-kort for dei vidarekommande.

Spar tid på løpsdagen ved forhåndspåmelding på løpet i Eventor.

Vel møtt til alle!