Nærløp Vasslia/Kråkenesmarka 29. august - med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 26. Aug 2018

Resultat: 15-Resultat Vasslia Kråkenesmarka-290818.pdf

Nærløpet onsdag 29. august vert arrangert ved Vasslia/Kråkenesmarka. Vegen er merka frå Askvollkrysset på E39 med O-skjermar. 

Start frå klokka 18.00.

Nærløpa i orientering har løyper som passar for for både store og små, nybegynnarar og erfarne o-løparar:

  • N-løype for nybegynnarar
  • C-løype for for dei som vil prøve seg litt meir i terrenget
  • A-lang og A-kort for dei vidarekommande.

Spar tid på løpsdagen ved forhåndspåmelding på løpet i Eventor.

Vel møtt til alle!



Nærløp Angedalen skule 22. august - med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 13. Aug 2018

Resultat: 14-Resultat Angedalen skule-220818.pdf

Nærløpet onsdag 22. august går på kartet Grimelandshaug, med Angedalen skule som arena.  Kartmålestokken er 1:7500 (A-løyper) og 1:5000 (C-løype).  N-løypene går på kartet Angedalen skule med målestokk !:3000.  Merk at for A- og C-løypene er det 15-20 minutt å gå til start.


Kartet Grimelandshaug vart laga til den nasjonale O-trollfinalen, som Førde IL arrangerte i 1984. Seinare er kartet digitalisert og oppdatert fleire gonger. Siste oppdatering nå i sommar.

Terreng og løpbarheit: Kartet omfattar eit område med mange terrengtyper, frå flate, opne myrar til bratte skrålier med tette granplantefelt.  Det er enkelte område med steingrunn (bukkemark), som ikkje innbyr til stor fart.  I kombinasjon med tett vegetasjon nærmar dei seg det som i den nye kartnorma blir klassifisert for «kamp». Dvs. område som er nesten upasserbare og som du må kjempe deg gjennom. Fleire plassar ligg det også ein del vindfall (stormfelte tre). På kartet er slike utfordrande område markert slik: 


Løyper:  Nærløpa i orientering har løyper som passar for alle, både nybegynnarar og erfarne o-løparar.  Onsdag 22. august tilbyr vi desse løypene:

  • N-løype for nybegynnarar, 1 km med 9 postar
  • C-løype for litt vidarekomne, 1,9 km med 8 postar
  • A-lang og A-kort for erfarne o-løparar. A-lang 5 km 16 postar.  A-kort 3,2 km 8 postar.

Påmelding på arena løpsdagen, men spar tid ved forhåndspåmelding på løpet i Eventor.

Vel møtt til alle!





Nærløp Bekkjavatnet 15.august - med resultat!

Postet av Førde IL Orientering den 8. Aug 2018

RESULTAT: 13-Resultat-Bekkjavatnet-150818.pdf

Strekktider: 13-Strekktider Nærløp Bekkjavatnet-150818.pdf

Foto: L. A. Seljeseth

Sommarferien er over for dei fleste av oss og FIL Orientering tar fatt på haustsesongen onsdag 15. august klokka kl 18.00. 

Staden er Bekkjavatnet (Flytta frå Bekkeholten). Samlingsplass ved utløpet av Bekkjavatnet. Som vanleg merka med O-skjermar

Nærløpa i orientering har løyper som passar for for både store og små, nybegynnarar og erfarne o-løparar:

  • N-løype for nybegynnarar
  • C-løype for for dei som vil prøve seg litt meir i terrenget
  • A-lang og A-kort for dei vidarekommande.

Spar tid på løpsdagen ved forhåndspåmelding på løpet i Eventor.

Vel møtt til alle!



Rekruttleir 17. august og O-trolleir 17.-18. august

Postet av Førde IL Orientering den 8. Aug 2018


Førde IL Orientering inviterer til rekruttleir og o-trolleir på Langeland 17.-18. august.

Påmelding innan onsdag 15. august.

Invitasjon som pdf her: O-TROLLEIR 2018.pdf

Leiren er gratis for medlemmer av Førde IL-orientering.



O-helg i Sogndal 31/8-1/9

Postet av Førde IL Orientering den 8. Aug 2018

Fredag 31.08. og laurdag 01.09. blir det arrangert o-leir for barn og ungdom i alderen 8 – 18 år i Sogndal (overnatting i SIL si hytte på Hodlekve).

Den 31.08 blir det vidare arrangert sprintløp i Sogndal sentrum, og 01.09 blir det arrangert KM Lang på Hodlekve.

Sjå invitasjoner under. Håper mange frå Førde kan ta turen til Sogndal!

innbyding_o-leir_sogndal.pdf

sogndalsprinten_2018_-_innbydelse.pdf

km_langdistanse_-_innbydelse.pdf

------------------------------------------------------------------------------------------------------

For vaksne som ønskjer overnatting i hytter på Hodlekve: Sjekk ut Sogndal Skisenter si heimeside

http://www.sogndalskisenter.no/ eller airbnb.



Stolpejakt i Naustdal sentrum

Postet av Førde IL Orientering den 7. Aug 2018

IL Tambarskjelvar melder at de ikkje blir vanleg nærløp onsdag 8. august. Men Ski- og orienteringsgruppa i Tambarskjelvar inviterer til Stolpejakt i Naustdal sentrum, med frammøte og start ved Naustdal barne- og ungdomsskule mellom kl. 18.00 og 19.00. Du kan bruke smarttelefon eller du får papirkart. Deltakinga kostar ikkje noko. Les meir om Stolpejakt her.

 




Tambarskjelvar inviterer til stolpejakt i Naustdal 8. august

Postet av Førde IL Orientering den 7. Aug 2018


Det vert ikkje vanleg nær-o-løp i morgon, onsdag 8. august. 

Ski- og orienteringsgruppa i Tambarskjelvar inviterer til Stolpejakt i Naustdal sentrum, med frammøte og start ved Naustdal barne- og ungdomsskule mellom kl. 18.00 og 19.00. 

Du kan bruke smarttelefon eller du får papirkart. Deltakinga kostar ikkje noko. Les meir om Stolpejakt her: https://stolpejakten.no/