Premiefesten på FIL-huset 11. november

Postet av Førde IL Orientering den 12. Nov 2018

Før premiefesten vart det arrangert eit o-løp i området rundt Hafstadparken. Vegar Hole hadde lagt opp fire løyper som sende løparane på kryss og tvers, og viste at dette området egner seg godt til o-løp. Resultatet ser du her: 

Etter o-løpet vart det servering av kaker, kaffe og brus inne på FIL-huset. Samstundes vart pokalar for deltaking på nærløpa delt ut. I tillegg vart det premiering for lagsmeisterskapa i 2018.



O-posten 2018

Postet av Førde IL Orientering den 11. Nov 2018

Haustnummeret av O-posten er klart.  Her finn du oppsummering av årets sesong, med full statistikk for alle nærløp, resultat får våre lagsmesterskap og andre aktivitetar som FIL Orientering har gjennomført i 2018.  I tillegg rapportar frå Hovedløp og O-landsleiren, Vestlandsmesterskapet og ein del andre løp som våre medlemmer har deltatt i denne sesongen. Heile bladet finn du på vårt Filarkiv i mappa O-posten.  



Treningstid på Slåtten skule onsdagar kl 20-21

Postet av Førde IL Orientering den 4. Nov 2018

Førde IL orientering har fått treningstid i gymsalen på Slåtten skule onsdagar kl 20-21.

Vi startar opp onsdag 7.11 kl 20.00

Treninga er for aldersgruppa frå ca 12 år og eldre. Dette er eit tilbod primært for ungdom, men voksne kan også delta!

Om innhaldet: Oppvarming, litt spel, styrketrening med oppgåver og gjennomgang, uttøying.

Helsing treningsrådet