O-løp og premiefest søndag 11. november ved FIL-Huset i Hafstadparken

Postet av Førde IL Orientering den 28. Okt 2018

Etter ein god o-sesong rundar vi av med FIL Orientering sin PREMIEFEST søndag 11. november i Hafstadparken. 

Vi kan avsløre at det er mange som har vore flittige til å delta på nærløpa og lagsmeisterskapa i år, så vi har ein god del premiar å dele ut...

Vi startar kl 1500 med eit o-løp i og rundt Hafstadparken for alle som har lyst til det, med tilgang til garderobe og dusj etterpå. Oppmøte på baksida av FIL-huset mot fotballbana. 
Etter løpet blir det enkel servering og utdeling av premier både for nærløp, lagsmeisterskap og Turorientering. Sjølve premiefesten starter ca kl 1600.

Barn og ungdom til og med 16 år blir tildelt pokal for å ha delteke på 4 eller fleire nærløp.
Løparar frå 17 år og oppover får deltakerpremie om ein har delteke på 12 eller fleire løp. 
Videre vert det premiering av dei som har blitt nr 1, 2 og 3 på lagsmeisterskap i sprint, mellom, lang og natt.
Her er det løypene for A-lang og A-kort, damer/herrer som premieres. Det vert også merkeutdeling for turorientering.

Kanskje vert det også tid til ein runde med O-bingo til slutt?


LM nattorientering i Naustdal onsdag 31. oktober kl 18.00 Med Resultat

Postet av Førde IL Orientering den 28. Okt 2018

Nattløp onsdag 31. oktober kl 18.00 i Naustdal. Følg vegen mot Helgås. Samlingsplass i krysset Helgås/Kletten.    LM natt 2018.pdf

Dette løpet har også status som LM i nattorientering 2018 for FIL Orientering sine løparar. 

Løyper på 3 km og 2 km.

Siden løpet 7/11 er avlyst, vert dette det siste nattløpet denne sesongen.

Vel møtt til alle!



Nattorientering Solheimsdalen onsdag 24. oktober med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 20. Okt 2018

Velkomen til nattorienteringsløp onsdag 24. oktober kl 19.00.

Løpet går frå Solheim i Solheimsdalen. Det er ca 20 minutt køyretid frå
Førde. Løypeleggjar Gunnar er klar med følgjande løyper:

  • C-løype 2 km
  • A-kort 2,4 km
  • A-lang 3,1 km

Det vert oppmoda til litt sosial felleskøyring. Vegen fram blir ikkje
merkt, men det er å køyre opp Solheimsdalen så langt den går, om du kjem
til snuplassen er det litt tilbake.
 
Supert og delvis krevjande terreng for natt!

Resultat: Resultat nattløp 241018.pdf


 
Her er C-løypa, som også viser P-plass langs vegen:

  



Terminliste for resterande nattløp, oppdatert 20/10.

Postet av Førde IL Orientering den 20. Okt 2018

Her er terminlista for nattløpa som gjenstår for 2018-sesongen. Nattløpet 7. november vert dessverre avlyst



Nattorientering Skilbrei Ungdomssenter 10. oktober - Med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 7. Okt 2018

Nattløp onsdag 10. oktober kl 19.00 frå Skilbrei Ungdomssenter.

Løyper: A-lang 4,1 km, A-kort 2,6 km og C-løype 1,3 km.

Resultatliste:

C-løype 1,3 km:
Åsmund Berthelsen 26.29.

A-kort 2,6 km:
Håkon Grønli 37.59,Egil Nestande 1.13.08, Asgeir Årdal (disk)

A-lang 4,1 km:
Andreas Haug 38.14, Gunnar Gytri 40.41, Norvald Ospehaug 1.02.03, Jostein Fredly 1.05.40, Trygve Nummedal Os 1.06.20, Torodd Os 1.10.27, Edvin Helle (disk).

På natt-O-løpa kan alle orienteringsløparar med litt o-erfaring møte opp og delta. Ungdom og litt uerfarne kan få løpe to og to. Lykta treng absolutt ikkje å vere i superklassa, men hugs at du skal løpe i mørkret ei god stund! Eit godt tips kan være å ha ei reservelykt i lomma, som ein ekstra tryggleik.

Vel møtt!



Oppdatert terminliste nattløpa 2018

Postet av Førde IL Orientering den 2. Okt 2018

Nokre små endringar i terminlista for nattløpa: 

  • Løpet ved Skilbrei ungdomssenter vert arrangert onsdag 10/10.
  • Løpet i Naustdal vert arrangert 17/10. Dette har status som KM Natt.


KM Nattorientering i Naustdal onsdag 17. oktober kl 19.00 med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 2. Okt 2018

Tambarskjelvar IL inviterer til KM natt onsdag 17. oktober kl 19.00 ved Instedalen skianlegg i Naustdal:

 Resultatliste KM-Natt Naustdal 17.10.18.pdf         Innbyding KM 2.pdf



Nattorientering Djupedalen Bringeland 3. oktober - med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 2. Okt 2018

Nattløp onsdag 3. oktober kl 19.00 frå Djupedalen Hyttefelt. 

RESULTAT: 

Resultat Nattløp Djupedalen 031018.pdf

Strekktider Nattløp Djupedalen 031018.pdf

Avkøyring frå vegen til Bygstad, ta av første veg til høgre etter flyplassvegen.

Vegen til Djupedalen er bomveg, kr 50,-. Det er mogleg å betale med Vipps.

Løyper: A-lang 4,0 km, A-kort 2,8 km og C-løype 1,3 km (i lett myrterreng.)

På natt-O-løpa kan alle orienteringsløparar med litt o-erfaring møte opp og delta. Ungdom og litt uerfarne kan få løpe to og to. Lykta treng absolutt ikkje å vere i superklassa, men hugs at du skal løpe i mørkret ei god stund! Eit godt tips kan være å ha ei reservelykt i lomma, som ein ekstra tryggleik.

Vel møtt!