Leik og moro på måndagar

Postet av Førde IL den 18. Nov 2023

Orienteringsgruppa har starta opp "mor-O" i Hafstadparken på måndagar. Dette er eit gratis lågterskeltilbod for aldersgruppa 8-12 år. Gratis trening / aktivitet 1 gong i veka. I tillegg serverer vi kveldsmat på FIL-huset før ein reiser heim. Sist måndag var det 16 unge med - og vi har plass til fleire. Så det er berre å ta turen til Hafstadparken kl 1800 på måndagar. 

Her kan du lese meir:  mor-O aktivitet born og unge.pdf 

Lokalavisa Firda var også innom på første kvelden. Les meir om det her:
https://www.firda.no/det-er-kjekt-a-kunne-bidra-til-at-ungar-har-det-moro-i-kvardagen/s/5-15-164640

Minner også om innandørstrening på Slåtten skule på onsdagar kl 19.00 for aldersgruppa 13 år oppover. 


Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.