Grøne turar til 20. oktober

Postet av Førde IL den 12. Okt 2023

Turorientering. Framleis mogeleg å ta dei grøne turane i sentrumsområda i Førde. Dei vil stå ute til 20. oktober. Turane som ligg i terrenget er tatt inn. Har vore mykje regn siste tida, men på desse grøne turane går du stort sett på veg. Då toler vi litt ekstra regn :) Så her er framleis moglegheit.

Karta og meir informasjon finn du her.

Minner også om premiefest onsdag 1. november i Hafstadparken. Vert natt-løp frå kl 1730. Premiefest for turorientering, nærløp og lagsmeisterskap frå kl 19.00. Kjem tilbake med meir informasjon når ein nærmar seg. 



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.