KM-vinnarar og Stafett for livet

Postet av Førde IL den 10. Sep 2023

I helga har det vore avvikla KM sprint og KM langdistanse i Sogndal.  På laurdag var det sprint i Sogndal sentrum, og Førde IL Orientering hadde følgjande KM-vinnarar: Kurt Grønli (H70), Håkon Grønli (H17), Gaute Osvoll (H13-14). 

Søndag var det KM langdistanse med startstad i Hodlekve. Der vant Håkon Grønli (H19) og Kjartan Hauger (H50).

Fullstendig resultaliste med strekktider finn du her:

Laurdag: https://eventor.orientering.no/Events/Show/17611
Søndag: https://eventor.orientering.no/Events/Show/17612


STAFETT FOR LIVET
I helga var det også mange i Førde IL Orientering som deltok på Kreftforeninga sitt arrangement Stafett for livet på Førde stadion. Vi hadde folk på bana alle 24 timane, og til tider var det mange som gjekk samstundes. Totalt 800 runder vart gått dette døgnet. Imponerande! For dei som vil støtte Kreftforeninga sitt arbeid, kan ein klikke seg inn her:

https://digitalinnsamling.kreftforeningen.no/team/forde-ilorientering

På bildet Gaute Osvoll som var med på KM-sprint laurdag og Stafett for livet søndag.

Neste nærløp vert onsdag 13.9 med oppmøte Sunde skule kl 18.00. 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.