Stafett for livet 10.-11. sept

Postet av Førde IL den 8. Sep 2023

Førde IL Orientering har også i år meldt på eit lag til Stafett for livet. Mange av dåkke var med i fjor, og eg trur alle hadde det kjekt, sjølv vi som gjekk midt på natta 🙂 Det var ei eiga stemning heile helga på ein måte.

For dåkke som ikkje tar turen til Sogndal og KM denne helga, bli med og ta nokre rundar for O-gruppa i staden for.

Ta med ein venn/venninne, det treng ikkje være eit medlem 🙂

Påmelding kan de gjere her: FIL-Orientering - Kreftforeningens Stafett for livet

Ta kontakt om du lurer på noko og gi gjerne ei tilbakemelding på kva tidspunkt du ynskjer å ha din stafett etappe. Nokre har alt meldt seg, målet er å ha ein på bana alle dei 24 timane.

Stafettstart er laurdag kl 12.00, med avslutning søndag kl 12.00.

O-gruppa vil ha eige telt som i fjor.

Følg gjerne Stafett for livet på Facebook

 Håpar vi sjåast til helga!

Med helsing

Knut Even Hole, "Lagkaptein 🙂"


Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.