DM, ungdomsleir og o-troll

Postet av Førde IL den 18. Aug 2023

Helga 26.-27. august arrangerer Førde IL Orientering Distriktsmeisterskap på det nye kartet i Gjesdalsdalen på Vassenden i Jølster. Kartet er det Gunnar Gytri som har teikna, og bildet over er det han som har tatt i samband med utlegging av postar til arrangementet. 

Her er løyper for alle om ein vil stille i konkurranseklasse eller om ein vil stille i åpne klasser med fristart. Det er fortsatt mulig å melde seg på så eg legg ved lenker til påmeldinga, så de er bare eit klikk fra å melde dåkke på. Legg og ved invitasjonen så de kan sjå litt kva dette går ut på. Går fint å kombinere funksjonærjobb med å springe. 

Påmelding DM Langdistanse

Påmelding DM Mellomdistanse

Ungdomssamlinga er for 13-25 år og starter fredag ettermiddag og varer til søndag. 25-27/8. Her blir det overnatting på Vassenden i hytter, med ulike aktiviteter, sosialt og felles måltid.

NB! det er ikkje så mange plasser igjen så vær snar å meld på! Legg ved link til påmelding og invitasjon til samlinga. Fint om vi får ein god gjeng med ungdommar fra Førde med på samlinga. 

Påmelding Ungdomssamling

Det blir og O-Trolleir for 8-12 år på Vassenden fra laurdag til søndag. 26-27/8. Her blir det leik og moro, felles måltid og overnatting. Ein flott muligheit for å bli kjent med andre som liker å halde på med orientering. Legg ved link til påmelding og invitasjonen, så de kan sjå litt meir om kva som skal skje. Håper vi ser mange barn, gjerne med foreldre, på leir på Vassenden.

Påmelding O-Trolleir

Påmeldingsfrist leirane er søndag 20. august.
Påmeldingsfrist løp er onsdag 23. august. 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.