Ny utgåve av O-posten er klar!

Postet av Førde IL Orientering den 11. Nov 2017

Ei ny, rykande fersk utgåve av O-posten med oppsummeringer og opplevingar i orienteringsåret 2017 er no klar! Klikk på linken under:

O-posten 1-2017

Denne og tidlegare utgåver av O-posten finn du også inne i filarkivet vårt her på heimesida vår.  

Vi minnar også om premiefesten på FIL- Huset i Hafstadparken søndag 12. november: Kl 15.00 vert det eit lite o-løp i Hafstadparken. Etter målgang blir det kaffe og kaker, samt premieutdeling for nærløp, lagsmesterskap og tur-orientering. Velkommen!  



Vintertrening i orienteringsgruppa- Slåtten skule onsdagar kl 20-21

Postet av Førde IL Orientering den 5. Nov 2017

Orienteringsgruppa har leigd gymsalen ved Slåtten skule onsdagar kl 20-21.

Målgruppe: Primært ungdom frå og med 12 år, men også opne for vaksne

Innhald: Oppvarming med spel, styrketrening kombinert med o-tekniske oppgåver, teoretisk gjennomgang og diskusjon om oppgåvene.

Det er ingen deltakeravgift.

Vi starter opp onsdag 8/11 kl. 20.00, men neste onsdag 15/11 er hallen opptatt på grunn av at skulen har eige arrangement.

Følg med på heimesida og FB for eventuelle endringer. 




Premiefest 2017 søndag 12. november og resultat Premifestløpet

Postet av Førde IL Orientering den 2. Nov 2017

Søndag den 12/11-17 blir det premiefest på FIL- Huset i Hafstadparken.

Vi starter kl 1500 med eit sprintløp i og rundt Hafstadparken for dei som ønsker det. Her blir forskjellig løyper de kan velge mellom.

Resultat:

Resultat Premiefest 2017.PDF

Resultatliste Premiefest strekktider-121117.pdf



Det er tilgang til garderobe og dusj etter løpet.

Når alle er komt i mål, og fått skifta, så blir det kaffe og kaker, med påfølgande premieutdeling for nærløp, lagsmesterskap og tur-orientering.

Kanskje rekker vi ei runde med o-bingo?

Velkommen!